SØKNADSKRITERIER FOR Å SØKJE STØNAD FRÅ OSTERFJORD NÆRINGSSAMARBEID:
Vilkår for å søkje tilskot frå Osterfjord Næringssamarbeid er at prosjektet skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling.
Formål
Tilskot skal bidra til næringsutvikling i ein av dei tre kommunane eller i eit samarbeid mellom kommunane i regionen.
Kven kan søkje stønad?
Etablerarar, bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktørar vert definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gjev støtte til næringsutvikling.
Kva tiltak kan få tilskot?
Tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale. Målsetjingar under punkt 7. vil være styrande.
Kor mykje kan ein vente å få i tilskot?
Maksimal støttedel kan være inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet.
Open søknadsfrist. Søknader vert handsama innan 3 månader etter dei er mottatt.
Søknaden må innehalde:
Ei omtale av tiltaket det blir søkt støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og ei beskriving av kva relevans tiltaket har for formålet med tilskotsordninga.
Plan for gjennomføring, beskriving av aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
Beskriving av forventa resultat og effekt av prosjektet.
Budsjett og finansieringsplan.
Søknadssum
Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden